top of page

Ein tidlegare laushund tar på seg ansvaret for
ein heil nasjon og tenker at dette er billetten
til eit betre liv. Ei jente kjenner at venninna er
på veg bort og prøver desperat å halde henne
tilbake. Ein mann møter blikket til eit lite barn
og ser det livet han sjølv kunne hatt, medan
ein annan mann blir hjelpelaus tilskodar når
familiegarden og fem generasjonars strev går
opp i flammar.

Novellene i Og alle ting vert nye handlar om
å høyre til, om røter og slekters gang, dei
spenner frå tidlegare tider via vår eiga tid og ut
i verdsrommet.

Dei nyskrivne novellene i denne samlinga
presenterer styrken og breidda i den nynorske
litteraturen. Her får forfattarane briljere
i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren.


Novellene er skrivne av: Tore Kvæven,
Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel
Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda
Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg
ein debutant, Anne Lise Frøkedal.

Og alle ting vert nye er andre utgåva i den
årlege novelleantologien Nye nynorske
noveller.

Rakel Solstad: "Nye nynorske noveller: Og alle ting vert nye"

kr 379,00Pris
bottom of page